Brukte møbler – like bra som nytt 

Havforskningsinstituttet er opptatt av berekraft, og satsar difor på gjenbruk så langt det let seg gjere.

Frå og med hausten 2017 har instituttet stort sett kjøpt brukte kontormøblar frå Møbelmeglerne AS og ABC gjenbruk AS.  Alle møblane i det nye kontorbygget Strandgaten 196 i Bergen vart kjøpt brukt.  HI kjøper berre nytt dersom ein ikkje klarar å kjøpe brukt – men det er svært sjeldan. Det siste året har HI kjøpt brukte møblar for 1.53 millionar kroner, inkludert alle møblane til Strandgaten 196.

Les mer på Havforskningsinstituttet: Slik tek HI samfunnsansvar

Havforskingsinstituttet går for pent brukt i nye kontor

– Gjenbruk er i tråd med verdiane våre, men det er også direkte stilig, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne. HI har innreia 125 nye kontor med bruktmøblar.

Instituttet har fleire flytteprosessar på gang. I Bergen flyttar fleire avdelingar inn i nye lokale i Strandgaten. I tillegg til fellesareal, er der 125 kontor. I Tromsø skal dei tilsette inn i det nye Framsenteret.

– Havforskingsinstituttet har spesielt ansvar for å vere eit miljøfyrtårn. Det skal skinne gjennom i heile organisasjonen. Vi tenker på det ved innkjøp, logistikk og ressursbruk. Ved overgang til nye lokale, satsar vi på brukte møblar, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.

Les meir på Havforskingsinstituttet: Går for pent brukt i nye kontor