Havforskingsinstituttet går for pent brukt i nye kontor

– Gjenbruk er i tråd med verdiane våre, men det er også direkte stilig, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne. HI har innreia 125 nye kontor med bruktmøblar.

Instituttet har fleire flytteprosessar på gang. I Bergen flyttar fleire avdelingar inn i nye lokale i Strandgaten. I tillegg til fellesareal, er der 125 kontor. I Tromsø skal dei tilsette inn i det nye Framsenteret.

– Havforskingsinstituttet har spesielt ansvar for å vere eit miljøfyrtårn. Det skal skinne gjennom i heile organisasjonen. Vi tenker på det ved innkjøp, logistikk og ressursbruk. Ved overgang til nye lokale, satsar vi på brukte møblar, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.

Les meir på Havforskingsinstituttet: Går for pent brukt i nye kontor